TELESKOPTER og andre usynlege ting

Dette er eit nytt og friskt barneviseprosjekt med Aslak Brimi og band. Diktardagar 2022 tinga ein barnekonsert av Aslak Brimi, og Ilag med lyrikar Frikk Gjeilo frå Lom, laga Brimi nye barneviser på nynorsk. Dette vart også e ny barneplate, "Teleskopter og andre usynlege ting", som vart Spellemann-nominert for 2022 i kategorien Barnemusikk.   

Medmusikarar i prosjektet er Gudmund Bolstad Skjær på gitar, Pål Svindland på saksofin, Aksel Jensen på bass og Kenneth Ekornes/Are Rosseland på trommer. 

Aslak Brimi og band gir barna (og dei vaksne) morosamme livsbetrakningar, draumar og tankar, fargelagt med drivande rytmer og fine melodiar. 

Vi kjem gjerne til eit kulturhus eller konsertplass nær deg. Berre ta kontakt! 


Eg og du i skyane 

med teleskop og rotorblad, 

ser ned på alle byane 

dit eg og du vil dra. 

Info om albumet: 

Albumet er produsert av Andre Viervoll i Newtone studios i Oslo, og mastra av Morgan Nicolaysen. Illustrasjonar av Stein C. Llanos-Ytre. Albumet vart gjeve ut på ta:lik records.

Produksjonen og tingsingsverket er støtta av Norsk komponistfond og Norsk kulturråd. Fonogramutgjevinga er støtta av Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og Bilde, CREO vederlagsfond, Senter for folkemusikk og folkedans, Mållaget Ivar Kleiven, Austmannalaget, Sparebank 1 Lom og Skjåk, Lom kommune, og Lom spel- og dansarlag. 

Brimi Music / Aslak Brimi / Kontakt: aslakbrimi(att)gmail.com
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang