HAUG / BRIMI / LUSÆTER
Dette er eit prosjekt der Hallgrim Haug og Aslak Brimi har fordjupa seg i musikken etter Ola Opheim (1920-2003) frå Vågå. Dei har også med seg Even Lusæter i prosjektet som skribent i bokdelen av prosjektet.
Bok med CD kan kjøpast inne i KJØP-fanen.
Felspelarane Hallgrim Haug og Aslak Brimi frå Vågå og Lom har gått i lag om eit solo- og duoprosjekt der slåttemusikken etter Ola Opheim (1920-2003) står i fokus.
Opheim er av dei største kjeldene i Vågå og Ottadalen, og var ein kunnskapsrik, engasjert og utadvendt spelmann som var aktiv over veldig mange år. Ola var spesielt kjent for eit drivande godt dansespel, om det så var slåttespel og gammaldans Ilag med trekkspelar Oddvar Nygaard var han med på ei renessanse av gammaldansen utover 50 og 60-talet. «Ei av dei fyrste på skansen var Oddvar Nygaards kvartett, der han Oddvar sjølv trakterer trekkspelet og han Ola Opheim er stjerne på fele!»
Ilag med journalist og forfattar Even Lusæter har Haug og Brimi laga både bok og CD knytt til humoristen og virtuosen Ola Opheim, med lansering 21.-24 november 2024.